#Framtidas arbeidskraft - kvar finn vi dei?

Kven er dei som skal arbeide i regionen vår i framtida? Kvar vil dei bu? Korleis når vi dei? Kva forventar dei av samfunnet rundt? (Kronikk av Inger Synnøve Remme, næringssjef i nye Ålesund kommune)

Inger Synnøve Remme utenfor NMK WEB

Det vi veit er at regionen trenger arbeidskraft. Vi har eit spanande og yrande næringsliv i regionen med mange mulegheiter, og vi har kommunar og andre offentlege organisasjonar som treng kompetanse og som tilbyr spanande arbeidsplassar. Veit vi som bur her; utflytta studentar, utflyttarar og framtidas arbeidskraft dette? Tenkjer vi over når vi reiser fram og tilbake på skule, jobb, til ulike fritidsaktivitetar kva vi eigentleg passerar på vegen? Vi veit alle at vi er stor innan maritim og marin industri her i regionen, men veit vi eigentleg kva for ulike stillingar som finnast?

Bu lokalt – jobb globalt

Ein bedriftsleiar sa det veldig enkelt på eit møte «vi bur lokalt og jobbar globalt». Vi har heile verda som vår arbeidsplass. Vi har eit sterkt, kunnskapsbasert og globalt orientert næringsliv. Vårt næringsliv har vist seg å vere omstillingsdyktige, nyskapande og framoverlente. Vi har kultur for entreprenørskap og innovasjon, men det er utfordrande å rekruttere kompetanse til regionen.

Stabil arbeidsledighet

I Møre og Romsdal fekk vi ein nedgang i arbeidsledigheten på 12,8 prosent i oktober samanlikna med same månad i fjor. Arbeidsledigheten har vore stabil. Vi ligg no på 1,7 prosent arbeidsledige på Nordre Sunnmøre i byrjinga av november. Bedriftsleiarane i Møre og Romsdal har tru på både auka sysselsetting og auka omsetnad. Etterspurnad etter rett kompetanse er stor. Vi har ei jamn vekst i innbyggarar, men med relativt få unge vaksne, underskot på kvinner og eit lavt utdanningsnivå.

Campus Ålesund

Samlokalisering og samarbeid mellom utdanning, forsking, næringsutvikling og kommune/fylkeskommune er viktige element ved Campus Ålesund. Her ser ein samanheng mellom teori og praksis og ein representera ei unik kunnskapsnode som òg er unikt i nasjonal samanheng. Samarbeidet mellom akademia og næringslivet har vore god i vår region. Dette har ført til linjer både på vidaregåande skular og på høgskulenivå som utdannar vordrande arbeidskraft etter det vårt næringsliv etterspør.

Smart og berekraftig utvikling

«Hit eit steg og dit eit steg» song Ingebrigt Davik. Vår region har verkeleg tatt nokre skritt framover! Vi skal tenke nytt og skape nytt i det offentlege og i det private. Ålesund kommune har i samarbeid med NTNU og næringslivsaktørar opna FN sin andre United Smart City lab ved Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK). Her skal ein samarbeide med å skape ein berekraftig utvikling, vekst og det gode liv for innbyggarane og næringslivet. Smart samhandling krev nye former for kommunikasjon, samhandling og ideutvikling. Målet er å få betre og raskare avgjerder til det beste for innbyggarane og næringsliv fordi teknologien kan hjelpe oss til å sjå samanhengar og trendar mykje raskare enn før.

Sjekk inn

Sjekk inn blir arrangert for fjerde året på rad. Vi veit gjennom tilbakemeldingar frå bedrifter som har deltatt, at Sjekk inn har gitt resultat. Bedrifter har fått tak i kompetente fagfolk og utflytta sunnmøringer har flytta «heim». Møteplassar mellom arbeidsliv og mulege arbeidstakarar er altså viktig. Vi må få vist fram kva regionen har å tilby; ikkje berre når det gjeld jobb og studier, men òg innan kultur og fritidsaktivitetar! På Sjekk inn kan ein møtast, knyte kontaktnett, få informasjon, få inspirasjon og bli motivert. Sjekk inn er eit av fleire verkemiddel for å hente riktig kompetanse og finne framtidas arbeidskraft saman. Sjekk inn på NMK fredag 27. desember kl 14.00!

Arrangør: Region Ålesund
Kontakt: Inger Synnøve Remme | tlf 994 24 139