Inger Synnøve klar for Sjekk inn 2019

Jobbmessa Sjekk inn blir arrangert for fjerde året på rad 27. desember på NMK. Nytt i år er at arrangementet er på dagtid og næringssjefen i nye Ålesund kommune er med på laget.

Inger Synnøve Remme utenfor NMK WEB

Jobbmessa legg opp til å vere ein møteplass for bedrifter, studentar og unge vaksne – både dei som bur her, dei som vil bu her og dei som er heime på juleferie.

- Vi gler oss igjen til å ta imot bedriftene og besøkande, seier næringssjefen i nye Ålesund kommune, Inger Synnøve Remme.

Ny i rolla – no også sjef for Sjekk inn

Remme har arbeidd som næringsrådgivar i Haram kommune sidan 2013. Ho er utdanna økonom og har arbeidd i privat næringsliv i mange år og har god kjennskap til næringslivet i regionen.

- Vi har så utruleg mykje å by på i vår region! Natur, kulturliv og ikkje minst spennande næringsliv. Og på Sjekk inn kan bedriftene møte godt kvalifisert arbeidskraft og framtidas arbeidstakarar. I 2018 var det rundt 40 bedrifter som møtte rundt 500 moglege arbeidstakarar, og vi veit om fleire som fekk jobb i etterkant!

Tips dei unge

Remme oppmodar foreldre, besteforeldre, familie og venner til å tipse sine unge til å møte opp på NMK (Norsk Maritimt Kompetansessenter) kl. 14.00 til 17.00 fredag 27. desember.

- Saman skal vi bygge regionen, avsluttar ho.

Kven står bak Sjekk inn?

Sjekk inn blir arrangert av Region Ålesund, som er kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Sjekk inn 2018 har desse samarbeidspartnarane:

  • ÅKP
  • NTNU
  • Blue Legasea
  • Sunnmørsposten
  • Studentparlamentet
  • Næringsforeningen i Ålesundsregionen
  • Haram Næring og Innovasjonsforum
  • Sykkylven Næringsutvikling AS
  • Ålesund Sentrumsforeningen
  • Bypatrioten
  • The North West
  • Sunnmøre regionråd IKS

Meir informasjon om Sjekk inn: https://www.facebook.com/sjekkinn/

 

Arrangør: Region Ålesund
Kontakt: Inger Synnøve Remme | tlf 994 24 139