Klar for sjekk inn!

Over 40 bedrifter og organisasjonar klare til å sjekke inn på jobbmessa som er litt annleis i romjula. – Vi gleder oss til ta imot bedriftene og dei unge jobbsøkarane på NMK 27. desember, seier prosjektleiar i Region Ålesund, Anne Mette Liavaag.

Anne Mette Liavaag
Sjekk inn legg opp til å vere ein møteplass for bedrifter, studentar og unge vaksne – både dei som bur her, dei som vil bu her og dei som er heime på juleferie.

- Elskar du Sunnmøre og ønsker å flytte heim eller å slå deg ned her, så er dette staden for å ta ein prat med di drømmebedrift, slår Liavaag fast.

- I 2017 var det rundt 38 bedrifter som møtte rundt 500 moglege arbeidstakarar på Sjekk inn, og vi veit om fleire som fekk jobb i etterkant!

Dei håpefulle bedriftene og organisasjonane som ønsker å treffe framtidige arbeidstakarar, spenner frå kommunar, barnehagar, videregåande skular og universitet til konsulentselskap, møbelprodusentar, skipsdesignarar, sjukehus – og fleire til.

Sjå alle bedriftene som er på Sjekk inn 2018.

Gratis!

- Arrangementet er gratis for besøkande. Vi serverer gratis mat, kaffe og vann så langt det rekk, smiler Anne Mette Liavaag.

Ho ønsker at dei som har lyst til å kome på Sjekk inn 2018 melder seg på på Facebooksida slik at arrangørane har ein idé om kor mange som kjem.

Program

Sjekk inn varer frå klokka 17.00 – 20.00 på Campus Ålesund, NMK.

Ordførar i Ålesund og leiar i fellesnemnda for nye Ålesund, Eva Vinje Aurdal står for den offisielle opninga.

Newtonrommet er ope for omvisning under heile Sjekk inn 2018 og det blir foredrag om jobbintervju og CV-skriving ved Irene Mjelde frå Yapril og om bruk av sosiale medier og networking i jobbsøkesituasjonen ved Marie Gjære Gundersen frå Avento.

I tillegg blir det omvisning i simulatorane til Offshore Simulator Centre og NTNU Maritimt Senter.

- Vi ønsker bedrifter og besøkande velkomne til afterparty på Banken studenthus rett over gata, til meir mingling og sosialt samvær, inviterer Liavaag.

Kven står bak Sjekk inn?

Sjekk inn arrangerast av Region Ålesund, som er kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Sjekk inn 2018 har desse samarbeidspartnarane:
- ÅKP
- NTNU
- Blue Legasea
- Sunnmørsposten
- Studentparlamentet
- Næringsutvalget for studenter
- Næringsforeningen i Ålesundsregionen
- Haram Næring og Innovasjonsforum
- Sykkylven Næringsutvikling AS
- Sykkylven kommune
- Sentrumsforeningen
- Bypatrioten
- NMK

Invitasjon FBeventSortHvitt crop

Arrangør: Region Ålesund
Kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. | 915 59 666